Vestlandssatsinga 2025
Det tette samspelet mellom festivalane på bransjetreffet har ført til den unike «Vestlandssatsinga» der festivalar og bransje går saman om å løfte fram eit band som utmerkar seg spesielt på 100 Dagar. Vestlandssatsinga medfører at eitt band/artist får tilbod om honorerte festivaljobbar det same året, og ein skikkeleg festivalturne på vestlandet. Slik bidreg festivalane til å byggje CV og spele-erfaring for unge, lovande talent.
For 2025 er følgande festivalar stadfesta: Mablis, Tysnesfest, Bygdalarm, UTKANT, Festidalen, Vikedal Roots Music Festival, Skånevik Bluesfestival, Vangenfestivalen og Helt på Vidda.
Det er festivalane sjølv som velger ut sin favoritt og Vestlandssatsinga 2025 blir offentleggjort i veka etter 100 Dagar.
Merch frå D2
Våre gode venner i D2 - heile musikknorge sin foretrukne leverandør av merch, gir Vestlandssatsinga merch til ein verdi av kr 10.000,-
Campusturne med Høgskulen på Vestlandet
I tillegg til Vestlandssatsinga blir eit anna band eller artist valgt ut til å spele ein Campusturne for HVL hausten 2025. Samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet gir eit band frå 100 Dagar ein turne på dei fem campusene til Høgskulen. HVL har campuser i Haugesund, på Stord, i Bergen, i Sogndal og i Førde.
The Other End fekk spele på Campusturne hausten 2024.
Tidlegare Vestlandssatsingar
Tidlegare vestlandsatsingar har vore: Yuma Sun (2013), Tiebreaker (2014), Silja Sol (2015), Hear Me Roar (2016), Saissy Kraimspri (2017), I am K (2018), Kriminell Kunst (2019), Cherry Cinema (2020), Jejune (2022), Lekende Lett (2023), Theodor Lucero 2024).
Theodor Lucero vart Vestlandssatsinga 2024.